top of page
FullColor_TransparentBg_1280x1024_72dpi
DJI_0215.JPG

Solrike utsiktstomter tett på naturen

Stokksundet i panorama

To flotte bustadområde med litt ulike profilar er under planlegging i Dåfjord, begge med stort fokus på miljø,  terrengtilpassing og trivsel.

Områda ligg eit steinkast frå Selevik skule, nærmiljøanlegg og fleire turløyper. Dåfjord barnehage ligg også i gangavstand, ein kan faktisk ta ei av turløypene nesten heilt fram til barnehagen om ein vil. (berekn ekstra tid forbi klatrejungelen) 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller er interessert i tomt/bustad.

Smieskogen

Er planlagd med solrike og lune tomter plassert kring eit stort friområde i midten. Her vert tomtene ekstra romslege, der dei fleste grensar til skog eller friområde. Utsikt både mot Stokksundet, skogen, Stordfjella i bakkant og Botnatjødno lengst framme. 

Smieskogen vil bestå av både einebustadtomter og område for fleirmannsbustadar /små bustadar.

Her legg me ekstra fokus på kvalitet og heilheit. 

 Skulehaugane

Er det panoramautsikt med stor P ein er ute etter er Skulehaugen den rette staden. I haugane rett over skulen og kunstgrasbanen finn ein store unike utsiktstomter, nokon verkeleg ute på pynten, andre meir tilbaketrekt i livda.

Skulehaugane får som Smieskogen eit tun for fleirmannsbustadar. I Skulehaugen ynskjer me å legge ekstra tilrette med både private soner og sosiale, trivelege fellesareal og fasilitetar. 

dAFJORD_UTVIKLING

  • Instagram
Dåfjord
20210206_125742.jpg

Dåfjord

Dåfjord er ei idyllisk bygd i Fitjar kommune på vestsida av øya Stord i Vestland fylke.

Dåfjord har eit godt oppveksttilbod med eiga barneskule, SFO og barnehage, og sjølv om bygda ligg sjarmerande for seg sjølv kring fjorden og ut mot Stokksundet i vest, når ein alt av tjenester og tilbod innan 8-18 minuttars køyring.

DJI_0204 (2).JPG

Kombinasjonen fantastisk natur, eit godt oppveksttilbod, unikt samhald og fokus på utvikling har bidratt til at Dåfjorden er ein populær stad å etablere seg, spesielt for barnefamiliar. Her kan ein bu landleg i eit sosialt nabolag, med alt av servicetilbod og arbeidsplassar ein kort køyretur unna og skule og barnehage i gangsavstand.

 

Med det beste frå alt så det ER mogleg Dåfjordingar er over snittet stolte over plassen dei bur på.

Har du også lyst til å bu fritt og fint i ei livleg og barnevenleg bygd? Velkommen til Dåfjorden!

Du finn meir informasjon om skule, barnehage, turløyper om mykje meir på Dåfjord si eiga nettside: Dafjorden.com

bottom of page