Om Dåfjord Utvikling

Bak Dåfjord Utvikling står tre engasjerte Dåfjordingar.

Linn Solveig Sørvik, Asgeir L. Andersen og Rune Helland.

Linn Solveig Sørvik flytta tilbake til Dåfjord i 2015. Linn Solveig er leiar for Dåfjord Næringsforum og over snittet engasjert i både lokal utvikling, arkitektur og bustadutvikling.

"Eg meiner Dåfjord har eit unikt potensiale til å vere ei framtidsretta bygd. Her har alle gå/sykle avstand eg brenn for gjennomtenkte løysningar

Alle tre har sjølv etablert seg i Fiskaneset, bustadfeltet som blei til på lokalt initiativ på 90 tallet.

I dag har Dåfjord vakse frå å vere ei lita grend til å bli ei bygd i vekst. Både Øvra og nedre Fiskaneset er utbygd og me ser eit stort behov for nytt byggeland både for tilflyttarar og dei oppveksande generasjonane.

Signering av en kontrakt

Dåfjord Utvikling AS vart stifta mars 2021

Bygda er ein populær stad å etablere seg og har opplevd ei kontinuerleg vekst dei siste 25 åra. Det byrjer minke på tilgjengeleg byggeland og for å kunne tilby dei oppveksande generasjonane Dåfjordingar og tilflyttarar vidare moglegheit til å busetje seg i bygda har ein starta arbeidet med å forbrede to nye områder i bygda for utbygging. Smieskogen og Skulehaugane.

Høyres dette kjent ut? Dette var også slik Fiskaneset, det største bustadområdet i Dåfjorden vart til for 30 år sidan.

DJI_0016 (2).JPG